Ressursar

Reinsking av takrenner og torvhaldsstokkar er døme på enkle tiltak som har stor førebyggjande effekt, og som forlengjer levetida på utsette bygningsdelar. På biletet ser me ein handverkar ved Ryfylkemuseet dra handa gjennom ei takrenne på synfaring. Dette tek eit par minutt og kan spara handverkarane for mange timar arbeid seinare.

Musea som kjelde til kunnskap

Musea har dei siste tiåra drive systematisk arbeid med å bevara og dokumentera ulike bygningstypar, og har gjennomført mange undersøkingar og forsking rundt dette. Musea har slik opparbeidd seg mykje kunnskap om korleis ein best kan ta vare på eldre bygningar, og kva metodar og teknikkar som fungerer og ikkje.

Utstillinga viser kva me kan læra av den eldre byggjeskikken, og kvifor tradisjonelt bygghandverk kan vera betre enn moderne material og teknikkar i møte med klimautfordringane.

Aktuell forsking, rapportar og planar

I tillegg til musea sine eigne undersøkingar og erfaringar har me nytta aktuell forsking, rapportar og planar i arbeidet med utstillinga. Under er eit utval aktuelle dokument.