Ei varmare og våtare framtid

Klimaendringar som kjem av ubalanse i energiutvekslinga mellom jorda og verdsrommet (ytre klimapådriv), har ein sett til alle tider. Fram til for eit par hundre år sidan hadde desse endringane i all hovudsak naturlege årsaker, men menneskeleg aktivitet har i stadig større grad påverka energiutvekslinga. Ifølgje FN sitt klimapanel er menneskeleg aktivitet den viktigaste årsaka til auken i globaltemperaturen sidan 1950.

Det har vore flaumar og våte vintrar tidlegare òg, men i framtida vil slike hendingar skje oftare og med større omfang. Biletet er frå ein flaum i Hauge i Dalane vinteren 1970, og høyrer til Dalane Folkemuseum si fotosamling.

Ved å studera korleis klimaet har endra seg opp gjennom historia, kan ein laga prognosar for klimaet i framtida. Dette gjeld til dømes forventa endring i mengdene regn og snø. Me kan slik «skru fram klokka» og få eit bilete av korleis klimaet mest sannsynleg kjem til å sjå ut til dømes om femti år.

Klimaframskrivingar – kart

Klimaframskrivingar viser kva klima me kan venta oss i framtida. Karta varslar vêret for 1971-2100. Endringa er jamført med klimadata for perioden 1971-2000. Kjelde: Norsk klimaservicesenter.


Lær meir

Norsk klimaservicesenter har laga kart som viser korleis klimaet vil sjå ut fram i tid.