
Det er faktisk slik at dei aller enklaste og billegaste tiltaka gir meir effekt enn kva ein trur.
Følg desse enkle råda, så får du lågare straumrekningar, samstundes som du gjer ein innsats for klimaet:
- Senk termostaten ein grad eller to. Kvar grad sparar nesten fem prosent av oppvarmingskostnaden.
- Byt ut all belysning med energieffektiv belysning.
- Tenk deg om når du møblerer. Står favorittlenestolen like ved vindauget? Då blir energiforbruket truleg høgare!
- Reduser litt på oppvarminga i rom du ikkje brukar så ofte. Hald dørene til desse romma lukka.
- Dra føre gardiner eller bruk rullegardiner om natta.
- Byt til sparekran og sparedusj på badet. Om lag 20 prosent av heile energiforbruket går til oppvarming av vatn.
- Har du ein eller fleire eldstader i huset ditt? Sjekk at spjeldet fungerer slik at det ikkje går mykje oppvarma luft ut gjennom skorsteinen om vinteren.
- Vurder om du kan plassera frysaren i eit kaldare rom.
Til slutt – og kanskje det mest kostnadseffektive av alle løysingar: Bruk tøflar og ullgenser!

Lær meir
Riksantikvaren har laga ein oversikt over gode råd og tiltak for korleis ein kan gjera bygningar meir energivenlege utan at det går ut over huset sin karakter og historie.

Fortidsminneforeningen har laga eit hefte med gode råd om ENØK-tiltak. Her kan du lesa om klimaeffekten og energisparinga ved dei ulike tiltak. Isolering er eit av tiltaka som du får råd om i dette heftet.

Jakta på kilowatten
Bør du isolera eller er det nok med vindtetting? Dette verktøyet kan hjelpa deg i valet.