
I dag er det mykje merksemd på alt matsvinnet. Diverre er det ikkje berre mat me kastar for mykje av. Når me byggjer nytt og byggjer om, kastar me mykje av fullt brukande material. Me må redusera materialsvinnet!
1,90 mill.
I 2019 kasta me 1,90 millionar tonn byggjematerial.
22 000 bygg
Kvart år blir det rive om lag 22 000 bygningar i Noreg.


Før i tida tenkte me gjerne på ting og klede når me snakka om «bruk og kast». Nå gjeld dette også bygningsdelar som kjøken, vindauge og dører. Dette er ofte bygningsdelar som er av høg kvalitet, og som kunne fått eit lengre liv. Til dømes er gamle dører bygd av godt trevirke, og på ein slik måte at ein kan ta delane frå ein annan utan å øydeleggja døra. Det gjer at ein enkelt kan reparera / skifta ut slitasjedelar, og slik behalda døra med sine flotte detaljar. Her gjer møbelsnikkar ved Museum Stavanger, Michael Heng, reparasjonar av ei ytterdør på Ledaal. Til høgre er døra ferdig reparert og malt. Foto: Mathies Ekelund Erlandsen / Museum Stavanger.
Krinsløpstenking er klimaklokt
Bruk og kast er diverre blitt det vanlege forbruksmønsteret. Dette må me bort frå. I framtida må alle varer og all material kunne brukast i eit krinsløp. Det vil tæra mindre på jorda sine ressursar, og me vil bruka mindre energi. Me kallar dette sirkulær økonomi.
Hus for framtida
Framtidshuset er allereie bygd. Me reknar med at over 80 prosent av husa me skal bu i og bruka i 2050, er bygningar me har rundt oss i dag. Det betyr:
- at me må få bygningane rundt oss til å vara lengst mogleg
- at me må stilla høgare krav til nye bygg, slik at også desse varar så lenge som mogleg
Både når me reparerer og byggjer om, og når me byggjer nytt, må me velja material etter krinsløpstanken. Det vil seia minst mogleg blandingsmateriale (komposittmateriale). Bruk heller material som krev liten grad av foredling, som har lang levetid, og som er enkelt å bruka på nytt.
Garden Audamotland er eit godt døme på materialutnytting og ressurstenking. På det skogfattige Jæren var tømmer ein knapp ressurs, og folk nytta det dei fekk tak i. Det var ikkje uvanleg at skipsplank frå skipsforlis langs Jærkysten vart seld på auksjon. På loftet i stovehuset på Audamotland er det skipsplankar med tydelege hol etter kraftige trepluggar. Også material frå dei gamle kyrkjene vart seld på auksjon. På Audamotland vart det brukt material frå Bø-kyrkja i både smia og i stovehuset. Driftsbygningane ber også preg av gjenbruk. Mellom anna er delar av bygningane kledde med blekkplater som var emballasje frå Underhaug fabrikkar på Nærbø. Foto: Kirsten Hellerdal Fosstveit.

Bygninger og bygningsdelers levetid har stor betydning i et ressursregnskap. Gamle bygg er ofte bygget av materialer og med bygningsdeler som tåler å eldes uten å miste funksjonen eller bli stygge.
Riksantikvaren

1 | Avfallsreduksjon Redusera kapp og spill på byggjeplassen. Bruka material av høg kvalitet og med lang levetid. Bruka material som er moglege å vedlikehalda og reparera. Bruka material og teknikk som gjer det mogleg å demontera utan å øydeleggja. |
2 | Ombruk Forsiktig demontera av bygningsdelar ved riving. Ha på plass eit system for lagring, formidling og sal av bygningsdelar. |
3 | Materialgjenvinning Sortera material i ulike fraksjonar etter materialtype ved riving. Material som metall, glas og papir, blir sendt vidare til gjenvinning. |
4 | Energiutnytting Material som ikkje kan gjenvinnast, men som kan brennast utan å sleppa ut miljøgifter blir sendt til forbrenningsanlegg. |
5 | Deponering Material som ein ikkje kan vedlikehalda, gjenbruka, gjenvinna eller senda til forbrenning, blir lagra på deponi. |
Lær meir
Grønn byggalliane gir deg tips for korleis du kan gjennomføra eit vellukka byggjeprosjekt utan å riva.
Sortering av avfall
Når du skal pussa opp eit eldre hus, må du vera klar over at bygningsmateriala kan innehalda skadelege eller giftige stoff. Dette må leverast inn på rett stad – og alt det andre byggavfallet skal sorterast før du kastar! Bygg og bevar har laga ei side der du kan lesa meir om dette.
