Isolera veggene?

Nei. Det påverkar utsjånaden til huset og er sjeldan lønsamt.

Isolering av veggene er eit tiltak som det tek lang tid å tene inn, gjerne lengre tid enn ei livstid. Dette kjem av at den oppvarma innelufta stig oppover i huset. Berre ein liten del av varmetapet skjer gjennom ytterveggene.

Dessutan vil isoleringstiltak ofte føra til at du riv den gamle kledningen – som ofte er treverk av høg kvalitet – til ny kledning av lågare kvalitet – alt anna enn klimasmart!

Ein del meiner at det svarar seg å isolera fasadar på hus frå 1930- og 1940-åra med reisverk utan isolering, då desse lek ein del varme. Men meiningane er delte om dette alltid svarar seg i eit økonomi- og energiperspektiv. Det er fleire faktorar som spelar inn, og desse vil variera frå hus til hus. Det kan altså vera lurt å spørja om råd før du isolerer, særskilt om huset ditt er eit kulturminne.

Tilleggsisolering av vegger er dessutan eit teknisk komplisert tiltak som fører til at overflata på fasaden blir kaldare og fuktigare. Dette kan i neste omgang føra til frostsprenging om fasaden består av puss eller tegl, eller det kan føra til alge- og soppvekst på trepanel.

Om du må drenera rundt kjellaren, kan det vera lurt å nytta høvet til å isolera veggene under mark. Dette er eit godt tiltak, då det ikkje endrar utsjånaden på huset, samstundes som det gir tørrare luft og vegger i kjellaren.

Etterisolering av vegger vil i dei fleste tilfelle føra til at du må ta av og byta utvendig kledning, eventuelt innvendig panel, og fôra ut for å få plass til isolasjonen. Dette er ein omfattande jobb som vil krevja mykje energi og materialbruk (= klimagassutslepp). Eit slikt tiltak vil også øydeleggja mykje av huset sin verdi som kulturminne: Den gamle kledningen er ein svært viktig del av uttrykket til huset og har sannsynlegvis høgare kvalitet enn ny kledning. Ved utfôring av veggen vil vegglivet flyttast lenger ut og gi utfordringar med tilpassing av vindauge, overgang til grunnmur og tak m.m.

Derekhuset (biletet) har kledning med høg verneverdi: Dei gamle kledningsborda er festa med trepluggar utanpå lafteveggen. Etterisolering av veggene på slike hus er korkje naudsynt eller ønskjeleg. Foto: Jan Egil Nes / Haugalandmuseet.

Unngå fuktproblem

Eldre hus har vegger som består av hygroskopisk materiale, det vil seia materiale som pustar, og som kan ta opp og gi frå seg fukt. Difor bør også isoleringsmaterialet vera hygroskopisk om ein vil unngå fuktskadar. Slik isolasjon er basert på naturfibrar som ull, lin, hamp og tre (cellulose). Desse har god isoleringsevne og er å få kjøpt både som matter og laust (for innblåsing).


Lær meir

Riksantikvaren har laga ein oversikt over gode råd og tiltak for korleis ein kan gjera bygningar meir energivenlege utan at det går ut over huset sin karakter og historie.

Fortidsminneforeningen har laga eit hefte med gode råd om ENØK-tiltak. Her kan du lesa om klimaeffekten og energisparinga ved dei ulike tiltak. Isolering er eit av tiltaka som du får råd om i dette heftet.

Jakta på kilowatten

Bør du isolera eller er det nok med vindtetting? Dette verktøyet kan hjelpa deg i valet.