Ja! Tilleggsisolering av loftsbjelkelaget er ein gunstig og effektiv måte å spara energi på.
Ein fordel er at det ikkje påverkar utsjånaden til huset. Mange gonger kan det vera eit godt tiltak å leggja ny isolasjon utanpå den gamle – vel å merke om den gamle isolasjonen er tørr og fin.
I eldre hus bør ein bruka hygroskopiske materiale som kan ta opp og gi frå seg fukt i takt med årstider og vêrskifte.
Tips! Følg med på inneklimaet på loftet ved hjelp av eit instrument som måler fuktnivå og temperatur. Dei kostar ikkje mykje, men er til stor hjelp for deg – særskilt etter at du endrar føresetnadene gjennom å isolera.



Unngå fuktproblem
Eldre hus har vegger som består av hygroskopisk materiale, det vil seia materiale som pustar, og som kan ta opp og gi frå seg fukt. Difor bør også isoleringsmaterialet vera hygroskopisk om ein vil unngå fuktskadar. Slik isolasjon er basert på naturfibrar som ull, lin, hamp og tre (cellulose). Desse har god isoleringsevne og er å få kjøpt både som matter og laust (for innblåsing).
Lær meir
Riksantikvaren har laga ein oversikt over gode råd og tiltak for korleis ein kan gjera bygningar meir energivenlege utan at det går ut over huset sin karakter og historie.

Fortidsminneforeningen har laga eit hefte med gode råd om ENØK-tiltak. Her kan du lesa om klimaeffekten og energisparinga ved dei ulike tiltak. Isolering er eit av tiltaka som du får råd om i dette heftet.

Jakta på kilowatten
Bør du isolera eller er det nok med vindtetting? Dette verktøyet kan hjelpa deg i valet.