Ditt økologiske fotavtrykk

Alt me menneske gjer påverkar klimaet. Kva me har på oss, korleis me reiser, kvar me bur.

Di meir me konsumerer og produserer, di meir blir klimaet påverka.

Visste du …

… at dersom alle menneske på Jorda skal ha same forbruk som ein gjennomsnittleg person i Noreg ville me trenga 3,4 jordklodar.

Finn ditt klimaavtrykk

Som enkeltpersonar kan me gjera ein skilnad når det gjeld utslepp av klimagassar. Alt me gjer i løpet av ein dag, fører til utslepp i større eller mindre grad. Små grep kan gjera ein stor skilnad!

Enova har laga ein klimakalkulator som reknar ut klimaavtrykket ditt. Slik kan du finna ut kva du kan gjera for å redusera avtrykket. Kor er utsleppa størst?

Den lokale byggjeskikken er klimavenlege bygningar med eit lite økologisk fotavtrykk. Bygningane Den lokale byggjeskikken er klimavenlege bygningar med eit økologisk fotavtrykk som er lite. Bygningane er bygde med kortreist material og med handverksteknikkar som ikkje krev store og energikrevjande maskinar og utstyr. Slike bygningar gir låge klimagassutslepp. Bygningar i tre vil dessutan binda CO2, så klimarekneskapen kjem gjerne ut i pluss.

Bileta viser fasgardløa på Barstad, eit døme på lokal byggjeskikk i Dalane. Her held handverkarar ved Dalane Folkemuseum på med å leggja nytt bjørkeris i løeveggen. Fasgarden gir ein luftig vegg som gir gode forhold for lagring av høy, samstundes som den hindrar regnvatn i å trenga inn. Denne type bygningar er slik gode døme både på klimatilpassing og på korleis ein kan byggja utan klimagassutslepp.


Sett deg eit klimamål!

Nasjonar og bedrifter set seg klimamål, men har du hugsa å gjera det same?