
Har du lurt på dette:
I eit klimaperspektiv, svarar det seg å renovera og ta vare på gamle hus, eller bør ein byggja nytt?
Svaret er at den mest klimavenlege kvadratmeteren er den som ikkje blir bygd. Har du eit gamalt hus er det altså klimaklokt å ta vare på dette, framføre å byggja nytt.
Harald Nikolaisen
Administrerande direktør, Statsbygg
Bygg står for 40 prosent av klimagassutsleppa i verda. Å ta vare på og gjenbruka eksisterande bygg vil vera avgjerande om me skal nå klimamåla i Parisavtalen og FN sine berekraftsmål.

Gamle hus er allereie bygde og har sitt klimaavtrykk. Slik kan ein seia at desse bygningane startar i null, medan nybygg vil føra til forbruk av ressursar og utslepp av klimagassar ved produksjon av material og bygningsdelar, planlegging, transport og bygging. Å halda ved like og vøla dei bygningane som står rundt oss i dag er slik eit viktig klimabidrag.
Biletet over er tatt under Ryfylkemuseet si restaurering av bygningane i Viga i Hjelmeland kommune. Foto: Jarle Lunde.
Lær meir
Norsk klimaservicesenter har utarbeidd klimaprofilar for alle fylka i Noreg. Klimaprofilen gir eit kortfatta samandrag av klimaet, forventa klimaendringar og klimautfordringar.