
Byggjeskikken er forma over tid og etter dei lokale naturtilhøva, klima, den naturlege materialtilgongen, funksjonen bygget skulle ha, og dei økonomiske og sosiale forholda.
Kva kan me læra av den lokale byggjeskikken?
Plassering av bygningar i landskapet
Kunnskap om grunnforhold og klimatiske forhold som sol og vind ligg til grunn for korleis dei eldre husa er plasserte i terrenget. Å finna god byggjegrunn med minst mogleg klimapåkjenningar på huskroppen var like viktig den gongen som i dag.
Gjenbruk av material
Eldre hus har ofte bygningsdelar som kjem frå andre hus. Me finn døme på gjenbruk av material frå stavkyrkjer i løer. Flytting av hus er eit anna døme på gjenbruk. Ein tok då med seg så mykje ein kunne av huset når ein flytta, og supplerte med ny material når ein sette opp huset på nytt. Slik gjenbrukstenking vil vera viktig i ei berekraftig framtid.
Ressursutnytting og materialtilgong
Når ein skulle byggja, tok ein utgangspunkt i kva material og ressursar som var tilgjengelege i kort avstand frå der huset skulle stå. Å velja kortreist material er klimaklokt! Bur du i eit område med skiferstein? Då bør du velja det som tekkjemateriale på taket. Ta kontakt med lokale sager for å få skore konstruksjonsvirke og kledningsmateriale.
Bygningane på Vistnes i Randaberg kommune er døme på korleis den lokale byggjeskikken heng saman med materialtilgong og klimatilhøve på staden. Plasseringa av bygningane gjer at dei dannar eit lunt indre gardstun som livar for vinden. Endeveggane på husa har skutar som tek av for vinden. Ofte var skutane mura med lokal stein, slik som på enden av løa. Stovehuset har liggjande vestlandspanel. Langs den vêrharde jærkysten var dette mest praktisk – ein kan lett skifta dei nedste borda som er mest utsett for råte.



Bygninger og bygningsdelers levetid har stor betydning i et ressursregnskap. Gamle bygg er ofte bygget av materialer og med bygningsdeler som tåler å eldes uten å miste funksjonen eller bli stygge.
Riksantikvaren
Lær meir
Eldre bygningar og bygningsmiljø har mange eigenskapar som me kan læra av og nytta vidare både i moderne byggeri og ved vedlikehald av eldre bygg. Riksantikvaren skriv meir om dette.

Vestlandsklima
Kan ein læra noko av dei historiske bygningane, eller har framsteget lagt alle tidlegare lure løysingar bak seg? Bertram Brochmann ser på landskaps- og klimatilpassinga i den ofte oversette vestlandsarkitekturen, og rettar skytset mot dagens passivhusreform: Er det sikkert at det er så lurt å byggja heilt likt over heile landet?