Jamt vedlikehald er det beste vern

Når det regnar, er det taket vassdropane først landar på. Taket er den delen av bygningen som merkar klimautfordringane mest og først. Her legg handverkar ved Jærmuseet, Odd-Geir Rosland, på plass takpanner som vinden har flytta på. Dette er eit døme på faste vedlikehaldsoppgåver som handverkarane ved musea gjer. Biletet er frå Jærmuseet sitt anlegg med tørkehus og kvernhus på Nord-Varhaug i Hå kommune.

I eit våtare klima blir det endå viktigare enn tidlegare at utsida av huset – klimaskalet – er heilt. Fukt set fart på nedbrytingsprosessane i tillegg til å redusera isoleringsevna til bygningsmateriala. Er ikkje klimaskalet heilt, vil huset leka stadig meir varme. Det er difor viktig å starta i rett ende!

Gode rutinar med jamleg undersøking av huset er lurt. Då kan du oppdaga skadar i tidleg fase og rekka å gjera reparasjonar og tiltak før skaden blir stor og gode råd blir dyre! Sjå til dømes etter i takrenner og nedløp kvar haust, og reinsk desse ved behov. Om ikkje vatnet renn unna der det skal, kan du i løpet av kort tid få problem med fukt i fasade, grunn og kjellar.


Lær meir

Klimaet har alltid utsett bygningar for påkjenningar i form av mellom anna fukt og temperatursvingingar. Riksantikvaren har laga ei liste med tips om ettersyn og vedlikehald.