
Korleis fungerer oppvarminga i huset? Kva type varmekjelde har du? Må du verkeleg byta ut den gamle vedomnen, eller kan han setjast i stand og brukast vidare?
Dette kan vera lurt å sjå nærare på før du set i verk dyre og omfattande oppvarmingstiltak.
Før i tida var pipa i eit hus stort sett alltid varm. Dette var positivt på mange måtar: Det gav god ventilasjon, og det heldt loft og krypkjellar tørre. Ei varm pipe er bra for huset, men ikkje alltid for miljøet. Svevestøv frå trafikk og vedfyring er eit problem i mange byar, og gamle omnar har slik fått eit ufortent dårleg rykte. Problemet har vore omnar produserte i etterkrigstida og feil fyring. Fyrer du rett med tørr ved og god trekk, vil svevestøvet vera minimalt.

Temperaturstyring
Me treng ikkje ha same temperaturen heile tida og i heile huset. Til dømes treng du ikkje ha same temperatur i huset om natta når du søv, og på dagtid når du er på jobb, som du vil ha når du er heime og brukar opphaldsromma.

Romma som blei varma opp kvar dag er vist som mørk raude, medan dei romma som sjeldnare blei varma opp er lysare raude. Gang og kammers var kalde rom (blå). Huset som er vist her er stovehuset på Kolbeinstveit, eigd av Ryfylkemuseet.
Ein enkel måte å senka energiforbruket på er å installera ein tidsstyrt termostat som tilpassar innetemperaturen etter natt og dag og korleis du brukar huset.

Nordmenn sitt gjennomsnittlege straumforbruk på ca 17 000 kWt i året. Dei to største straumsluka er oppvarming av rom og vatn.
Kjelde: ENOVA
Lær meir
Bygg og bevar har meir informasjon om kva du bør tenkja på når du skal velja omn, og/eller setja i stand omnen du har frå før.
Riksantikvaren har laga ein oversikt over gode råd og tiltak for korleis ein kan gjera bygningar meir energivenlege utan at det går ut over huset sin karakter og historie.

Fortidsminneforeningen har laga eit hefte med gode råd om ENØK-tiltak. Her kan du lesa om klimaeffekten og energisparinga ved dei ulike tiltak. Etterisolering er eit av tiltaka som du får råd om i dette heftet.