
Linoljemaling er ein malingstype som toler godt vasking og annan slitasje. Linolja trengjer inn i treverket og vernar mot råte, samstundes som den lar treverket og veggen «pusta».
På villaen Breidablikk var det ikkje mangel på overflatebehandling som var problemet, heller omvendt: Mange og tjukke lag med tett maling gjorde at veggen ikkje lenger fekk pusta, og dette førte til fukt og roteskadar. Museum Stavanger måtte difor fjerna dei tjukke laga med maling, for så å byggja opp att med linoljemaling i fleire tynne strok. Foto: Mathies Ekelund Erlandsen / Museum Stavanger.
Fasaden er ein viktig del av klimaskalet til huset. I framtida vil fasadane utsetjast for større påkjenningar med eit varmare og fuktigare klima. Vekstsesongen vil forlengjast, noko som vil føra til auka vekst av algar og muggsopp på fasadane. For at fasaden skal fungera som klimaskal og stå imot vêr og vind lengst mogleg, er det viktig at veggen får pusta.
Hindra vekst
Pass på at det er god luftsirkulasjon rundt bygningen. Hald graset kort, og hald tre og annan vegetasjon på avstand.
Vegetasjon inntil husveggen er ofte vakkert, men kan halda på fukt og hindra veggen i å tørke. Røter kan skade fundament og grunnmur. Ved sterk vind eller uventa vindretning kan greiner som brekker, eller tre som blæs over ende, gjera skade på huset.
Hugs husvasken
Vekst på fasaden med lav, mose, grønske, algevekst og svertesopp vil auka i omfang. For å motverka dette bør fasadane reingjerast minst ein gong i året. Dette kan forlenga levetida til material og maling.
Start med å gjera reint med såpe og skurebørste. Det kjem ein langt med. Det finst særskilde reingjeringsmiddel for fasadar, men bruk berre dei som er miljømerka. Høgtrykksvask trykkjer vatn inn i treverket og bør difor ikkje brukast.
Lær meir
Klimaet har alltid utsett bygningar for påkjenningar i form av mellom anna fukt og temperatursvingingar. Riksantikvaren har laga ei liste med tips om ettersyn og vedlikehald.

Les meir om korleis du maler med linoljemaling på nettsidene til Bygg og Bevar.