Varevindauge

Ein stor del av varmetapet går gjennom vindauget. Er det då klimaklokt å byta ut dei gamle vindauga med nye?

Nei. Det finst andre tiltak du kan gjera som er betre ut ifrå eit klima- og ressursperspektiv. For det første bør du ta vare på det gamle vindauget så langt det er mogleg. For det andre finst det løysingar for å redusera varmetapet frå vindauget ditt.

Løysinga er varevindauge

Varevindauge er ei ekstra glasramme som du set i innsida av karmen. Ramma kan vera hengsla og innoverslåande, kopla (i den ytre ramma) eller laus (festa med beslag mot karmen). Ein handverkar kan hjelpa deg å laga rammer som passar til vindauget ditt.





Varmetapet i eit vindauge avheng av antal glas, glastype og avstand mellom glasa. Gamle vindauge med varevindauge har vanlegvis stor avstand mellom glasa. Dette gjer at slike vindauge kan få mest same U-verdi (mål på kor godt produktet isolerer) som nye trelagsvindauge.

Montering av varevindauge er ikkje berre den enklaste og billegaste utbetringa du kan gjera, men ofte også den beste. Har du isolerglas i varevindauget og god tetting mellom innvendig ramme og karm, vil du få eit vindauge som isolerer like godt som nye vindauge. I tillegg har du teke vare på det gamle vindauget ditt!

Innvendige glas i vindauga er ei løysing ein finn i mange eldre hus. Biletet her er frå bygginga av midtbygget på Hauge skule i Haugesund, cirka år 1955. Dei store sidehengsla varevindauga står opne. Foto: Haugalandmuseet.


Lær meir

Nettportalen Bygg og Bevar har samla mange gode tips og rettleiingar for energioppgradering av vindauge.

Fortidsminneforeningen har laga eit hefte med gode råd om ENØK-tiltak. Her kan du lesa om klimaeffekten og energisparinga ved dei ulike tiltak. Installering av varevindauge er eit av tiltaka som du får råd om i dette heftet.