Korleis blir det i Rogaland?

Kvednahola i Suldal ein regnvêrsdag i oktober 2019. Kvernhus, renner og saghuset på biletet blir forvalta av Ryfylkemuseet. I framtida kan me venta oss at det blir fleire store flaumar i vassdraga.

Temperatur

Temperatur: Årstemperaturen vil auka med om lag 3,5 °C. Det blir størst auke om vinteren og minst om sommaren. Vekstsesongen blir forlengd med éin til tre månader og mest i ytre kyststrok.

Nedbør

Nedbør: Årsnedbøren vil auka med om lag 10 prosent. Særskilt vintermånadene vil bli våtare. Episodar med mykje nedbør og styrtregn vil koma hyppigare, noko som vil føra til fleire flaumar.

Overvatn

Overvatn: Endringane i kraftig nedbør vil føra til større utfordringar med handtering av overvatn.

Stormflod

Stormflod: Stormflodnivået vil auka som følgje av havnivåstiginga. Ein må rekna med 62–81 cm havnivåstiging i Rogaland.

Skred

Skred: Faren for jord-, flaum- og sørpeskred vil auka med større nedbørmengder. I eit varmare og våtare klima vil ein oftare få episodar der det regnar på eit underlag dekt av snø, noko som gir auka risiko for våtsnøskred.

Auka erosjon som følgje av kraftig nedbør og auka flaum i elver og bekker kan utløysa fleire kvikkleireskred.


Lær meir

Norsk klimaservicesenter har utarbeidd klimaprofilar for alle fylka i Noreg. Klimaprofilen gir eit kortfatta samandrag av klimaet, forventa klimaendringar og klimautfordringar.