
Du har kanskje tenkt å gjera enøktiltak i huset ditt for å spara energi og oppvarmingskostnader.
Men kva tiltak bør du gjera – og korleis?
Det første du bør gjera, er å bli kjend med huset for å forstå korleis det fungerer. Eldre hus er bygde på ein heilt annan måte enn moderne hus, og ein kan difor ikkje utan vidare ta med seg moderne enøktiltak inn i eit gamalt hus! Det gjeld å velja dei rette tiltaka som spelar på lag med huset og slik det opphaveleg er bygd. Feil tiltak kan føra til fuktskadar, sopp og ròte.

Lag ein plan der du listar opp det du må gjera, og i kva rekkjefølgje det bør gjerast. Ha i bakhovudet at alle bygningar er ulike – det finst diverre ingen standardløysingar som fungerer for alle hus.

Unngå fuktproblem
Eldre hus har vegger som består av hygroskopisk materiale, det vil seia materiale som pustar, og som kan ta opp og gi frå seg fukt. Difor bør også isoleringsmaterialet vera hygroskopisk om ein vil unngå fuktskadar. Slik isolasjon er basert på naturfibrar som ull, lin, hamp og tre (cellulose). Desse har god isoleringsevne og er å få kjøpt både som matter og laust (for innblåsing).
Lær meir
Riksantikvaren har laga ein oversikt over gode råd og tiltak for korleis ein kan gjera bygningar meir energivenlege utan at det går ut over huset sin karakter og historie.

Fortidsminneforeningen har laga eit hefte med gode råd om ENØK-tiltak. Her kan du lesa om klimaeffekten og energisparinga ved dei ulike tiltak.

Jakta på kilowatten
Bør du isolera eller er det nok med vindtetting? Dette verktøyet kan hjelpa deg i valet.