
Ta vare på dei gamle vindauga dine!
Her har du 10 grunnar til kvifor.
1. Levetida
Vindauge med ramme og karm av kvalitetsvirke, enkle glasruter i rammene og linoljebasert maling og kitt kan halda i hundrevis av år med enkelt og jamt vedlikehald
2. Estetikken
Smekre karmar, rammer og sprosser, handhøvla profilar, omsorgsfullt utforma beslag, bølgjande glas og gjennomgåande godt handverk er vakkert!
3. Privatøkonomien
Restaurering og energieffektivisering av originale vindauge er lønsamt på kort og lang sikt.
4. Verdiutviklinga
Vindauge som er tekne godt vare på er ettertrakta detaljar for huskjøparar og aukar verdien på huset.
5. Samfunnsøkonomien
Vedlikehaldstiltak skapar arbeidsplassar og reduserte miljøkostnader. Dette er bra for samfunnsøkonomien.
6. Miljøpåverknaden
Renovering, energitiltak og langsiktig vedlikehald av eldre trevindauge gir minst mogleg ressursbruk, minst mogleg bruk av miljøskadelege material og minst mogleg utslepp av drivhusgassar.
7. Inneklimaet
I hus med naturleg ventilasjon er dei tradisjonelle vindauga med sine vindtette – men ikkje lufttette – konstruksjonar ein føresetnad for eit godt inneklima.
8. Materialet
Tradisjonelt vedlikehald av vindauge nyttar miljøvenlege material som tre og vegetabilsk olje til impregnering, maling og kitt.
9. Kulturhistoria
Eldre vindauge i eldre hus er avgjerande for opplevinga av historiske miljø og er difor viktig for vår – og komande – generasjonar si moglegheit til å kunne forstå kulturarven.
10. Lyset
Eldre vindauge gir godt lysinnslepp gjennom smekre glasrammer og postar, fine profilar og bølgjande glas som filtrerer og spreier lyset inn i rommet.

Levetiden til nye vinduer anslås til 20-30 år, mens 100 år gamle vinduer laget av godt trevirke, vil kunne vare i 100 nye år dersom de vedlikeholdes godt.
Levetiden for et vindu har mye å si både for huseierens økonomi og for miljøbelastningen ved produksjonen.
Marte Boro, Riksantikvaren
Lær meir
Nettportalen Bygg og Bevar har samla mange gode tips og rettleiingar for oppussing og vedlikehald av vindauge.